Startside Sund

'

Folk i Sund:

Johannes Høyland
Johannes Høyland er skrønemakar i tredje generasjon. Han har både sant og usant å fortelja om nær og fjern fortid i Sund. Dei eldste forteljingane har han frå bestefaren. Han har mykje å fortelja frå skulen - både eiga skuletid og alle dei åra han sjpølv var lærar. "Me var heldige som vaks opp før psykologane kom!" seier han mellom anna. 

Anna Jorunn (Kleppe) Bjorøy
Anna Jorunn Bjorøy  fortel levande om korleis ho  har vore med på ei utviklinga heilt frå "førindustrielt"  naturalhushald til seinmodernitet. Ho vaks opp med vedkomfyr og mat frå fars fiskje og mors gardsdrift. 18 år gamal gifta ho seg med Odden. Dei kjøpte serg traktor - og etter kvart bydge dei opp ei stor entreprenørverksemd. 

Anna "Tinkel" Utne er bydame. Men heilt frå ho var seks år gamal, har ho vore ein del av nærmiljøet på Glesvær. Derfor har ho både utanfråblikket og innafrå-kunnskapane om Glesvær, Steinsland og Sund. Besteforeldra dreiv både gardsbruk, fiskebruk, skips- og landhandel, postopneri, telefonsentral, bakeri og notaloft drive av besteforeldra hennar.
Nils Audun Vassenden
Nils Audun Mugaas Vassenden er sonen til gamlelensmannen i Klokkarvik. Han hadde barndoms- og ungdomstid før og under krigen, og har mykje å fortelja frå dei dramatiske åra - far hans var "Jøssinglensmann" og guten vart vitne både til det som hende offisielt og det som var hemmeleg av farens arbeid.