Startside Sund‎ > ‎

Anna Jorunn (Kleppe) Bjorøy

Anna Jorunn Bjorøy vaks opp på Kleppe, i eit lite hus med to systre, foreldra, besteforeldra, onkel og tante. Jentene måtte bera klårvatn frå elva kvar dag, til folkje og til dyra. Dei haddee kyr, sauer, høns og ein hest. Hesten var rett nok mest på stas - han åt mykje og gjorde lite. Far var fiskar, som bestefar. Dei åt fisk til middag kvar einaste kvardag. Dei dei ikkje åt sjølve, leverte far eller bestefar på mottaket i Håkonsundet.  Mor stelte garden. Om vinteren var far vekke på fiskje mange månader. Det var koseleg å vera aleine med mo, men Annao var redd når det var mørkt. Ikkje for vanlege tussar og troll, men for Bakketenten. 
Det har vore ei kollosal utvikling i Anna Jorunn si tid: Dei fekk straum og elektrisk komfyr i 1951 eller 52, hennar fyrste symaskin fekk ho i 1964, vaskemaskin i 1967, kjøleskap og vassklosett like etterpå, sertifikat i 1972, oppvaskmaskin i 1978 og i 1982 gjekk ho på sitt fyrste datakurs.  I 1992 fekk ho modem. Ho gifta seg tidleg - då ho var 25 år hadde ho fem born. Saman med Odden flytta ho inn i nytt, stort, moderne hus med innlagt vatn og straum og heile 85 kvadratmeter buareal.  Det seier sitt om utviklinga at ho i dag lever aleine - i eit lite, koseleg hus på seg sjølv på 129 kvadrat... 

Intervjuopptaket vart gjort i Sund Folkeboksamling 24. mai 2017. Intervjuarar var Bjørn Enes og Bente Fosse. Dokumentasjonen er gjort av Bjørn Enes.

Diirekte adresse til denne sida er Anna.Jorunn.Bjoroey.Memoar.no


Anna Jorunn Bjorøy


Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - timar, minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta timar (h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: 
https://vimeo.com/221239155#t=0h37m54s ) 
 
00:00:00 Presentasjon
00:29:00 Eit firkanta bord i stovo er det fyrste eg kan hugsa. Me var åtte i huset
01:23:00 Om bestemor: Ho sat i sengja og lærte meg å spøta
02:35:00 Om bestefar: Han var fiskar Me fekk brus når han leverte i Håkonsundet
04:14:00 Bestefar song – og lærte oss gamle songar
05:45:00 Det var vanleg å bu saman med besteforeldra
06:30:00 Skrå – det var ikkje greit med dei som sputta i omnen
07:18:00 Dei vaksne hadde det ikkje så travelt. Pappa fiska – mor stelte garden.
08:58:00 Far dreiv aleine. Me åt fisk kvar dag.
10:20:00 Me jentene måtte hjelpa i floren. Me vart sterke.

Hesten var mest til staa - åt mykje og gjorde lite
12:45:00 Meir om fiskjet . Turka longa på berget . Lyr vart vanka og malt til fiskakaka
13:25:00 Arbeidsfordelinga heime
14:25:00 Variasjonar av fiskemiddagane - me hadde alltid løk og timian til, men elles lite grønnsaker
16:00:00 Sundagsmiddagane - då var det kjøtkaker eller anna kjøt.
17:39:00 Slaktedagen - blodet måtte rørast. Innmat. Henging . Turking og salting.
19:19:00 Kjøtet vart lagra i tunner i kjedlaren . Der hadde me brunn og.
19:30:00 Klåravatnet mẗte me henta i elva. Me måtte bera vatn kvar dag.
21:12:00 Då bestefar døydde. Open kista , heime i stovo.Presten kom og hadde andakt
23:00:00 Gravferdsdagen . Det var leigd ein buss for å koma til kyrkjes
25:30:00 Det var veldig kjekt i gravferd.
26:30:00 Livets gang vart naturleg. Seksualundervising var å leia kyrne til okse.
27:37:00 Om vinteren drog pappa  på fiskje i mange månader
28:40:00 Det vr triveleg å vera med mor, og der var ikkje utearbeid om vinteren.
29:45:00 Me måtte læra oss å arbeida tidleg. Eg trur det vr sunt.
31:10:00 Det var nok ikkje lett å koma som ny, ung kona i slike trongbudde hus
31:46:00 Eg ordna meg på ein annan måte då eg vart gift. Me budde hos onkelen hans.
32:19:00 Odden vart sint og flytta då ordføraren ville gi Bjorøy til Laksevåg
33:40:00 Småskuletida
35:30:00 Me hadde noke bøker heima - mest med gotisk skrift.
36:20:00 Om kveldane: Me hadde ikkje straum. Det var mørkt og eg var livande redd
37:50:00 Om Bakketenten - hjelparen til Julereia.
38:17:00 Songen om Monsmålsnotta 13. Desember (den som no heiter Lucianatta)
40:30:00 Vanlege tussar og troll - og julanissen som budde i Høylandsfjellet.
41:30:00 Jolaftan: Det var kvardag fram til mammo hadde vore i floren.
42:50:00 Me var aldri i kyrkjo - men me høyrde på klokkene frå Klokkarvik
43:50:00 Det hende at det kom emmisærar med lysbilete frå Afrika
44:58:00 I Klokkarvik var der bedehus - dei var komne litt lenger der
45:30:00 Meir om jula - eg hugsar berre ein julepresang, ein raud lakkportemoné
46:50:00 Juladagen var alt forbudt
48:30:00 Folk fortalde historier
49:05:00 Eg hugsar dei snakka om Einar Gerhardsen
49:47:00 Læraren min var nok meir interessert i politikk enn i skule
51:13:00 Stortrivdes i huspost i Åsane etter skulen
54:53:00 Lærarane mine: Dei var litt finare folk enn andre, saman med presten, doktoren og lensmannen
56:38:00 Alle måtte stå opp ved pulten og lesa utanatleksene- Katekisma var vanskeleg.
59:50:00 Framhaldskulen. Læraren var berre 19 år. Han hadde oss i alle fag.
1:00:48:00 Dei som var betre stilte gjekk på relskule i bydn.
1:01:32:00 Meir om husposten: Fri annakvar helg og annankvar onsdag - Duesleppet
1:03:25:00 Tente akkurat nok til å reisa heim når det var dans på ungdomshuset.
1:03:55:00 Tannlegen - heile framhaldsskulen reiste til bydn for å gå til tannlegen.
1:04:45:00 Om å treffa andre ungdomar
1:05:59:00 Eg gifta meg då eg var 18. Eg kunne både vaska og koka.
1:07:10:00 Romantikken - syster mi hdde truffe mannen sin. Han hdde ein bror
1:08:32:00 "Du treng ikkje seia nokonting - dei snakkar sjølve heile tida"
1:09:39:00 Dobbeltbrudlaup i juni 1963. Eg var gravid heile tida.
1:11:39:00 Me bygde hus på Kleppe. Me gjorde det mesta sjølve.
1:12:08:00 Eg var gravid heile tid – fekk ungar frå eg var 18 til eg var 25
1:13:19:00 Huset var ferdig - stort hus på 80kvm for for 24:000 kroner
 1:14:06:00 Bestemor si brudlaupstale
1:15:50:00 Dei som ikkje måtte gifta seg, fekk ikkje ungar.
1:16:29:00 Odden - mannen - kjøpte traktor. Etter kvart vart han maskinentreprenør.
1:17:24:00 Eg tok handelskulen - og i 1972 tok eg sertifikat. 
 1:18:05:00 Om å byggja i Sund 
1:19:27:00 Vskemaskin fekk me i 1967,
1:21:24:00 Før kjøleskapet lagde eg mykje pannekaker, for me kunne ikkje kasta mølka når ho vart sur
1:22:54:00 Eg hugsar då me fekk komfyr i 1951 eller 52. Før det brukte me primus
1:23:50:00 Oppvaskmaskin i 1978
1:24:38:00 Symaskinen ca 1964
1:26:02:00 Mammo var ein gong ute av landet - det var i 1986, i Danmrk.Men husmorferie to gonger.
1:27:01:00 Ferie var for byfolk.
1:28:00:00 Eg slutta å sy på 1980-talet. Då vart klede så billege.
1:30:10:00 Mammo hadde symaskin - trømaskin - og vev.
1:31:27:00 Lefsebaking
1:33:32:00 Blåmjølk
1:34:38:00 Oppskrift på lefse
1:37:05:00 Kvnner skal ha rettar, men må ikkje vera fanatiske.
1:41:58:00 Innlandskultur og kystkulur

Eg ville ha sertifikat – bilen sto jo berre på stas, nett som hesten!
1:46:00:00 Eg gjkk datakus 1982
1:48:20:00 Me kjøpte modem i 1992
1:50:57:00 Ei kolloal uvikling – frå eit stort familiehus på 80 kvadrat, til eit lite koseleg hus for meg sjølv på 129...
1:53:20:00 Pensjonistlivet er sterkt undervurdert!
 1:56:00:00 Slutt
Comments