Nils Audun Vassenden

Nils Audun Mugaas Vassenden vaks opp i Klokkarvik i Sund på Sotra. Far hans var lensmann. Bygda låg strategisk til ved skipsleia inn til Bergen, og vart base for marinen si nøytralitetsvakt frå 1939. Mellom anna var den kjende mineleggjaren KNM "Tyr" stasjonert der. Åtte år gamle Nils Audun og kameratane hadde moro av å tjuvlytte utanfor telefonkiosken når kaptein Ulstrup på "Tyr" krangla med Marineholmen våren 1940. Kapteinen var sikker på at det gjekk mot krig, og kravde skikkelege miner. Frå han var åtte til han var tretten år var Vassenden augevitne til invasjon, sjøkrig, mineeksplosjonar, commandoraids, Nordsjøfart, motstandsarbeid, Gestapo-arrestasjonar, tyskarane sin hemnaksjon mot Telavåg - krigskvardagen og freden, med heimvendte fangar, britiske krigsbruder og og rollebytet der tyske ubåtsjefar vart truga med skarpe skot for å gjere ryddejobb i Telavåg. Intervjuopptaket vart gjort 17. februar 2016 i Studio 1, Bergen Bibliotek. Intervjuar var Bjørn Enes frå Memoar.

Biletet: (Klikk på biletet for stor versjon): Kokkarvik, 1940. KNM "Tyr" i forgrunnen. Admiral Tank-Nielsen sitt fly ligg ved "Tyr". Den nyssgjerrige åtteåringen Nils Audun er guten i robåten. 



Nils Audun Mugaas Vassenden - Krigsminne


 






Comments